lørdag 16. juni 2012

Blogging på tur

Mandag reiser me til Israel/Palestina for å vera der i ein månad (til 14.juli). Me skal reise rundt i Israel og dei Palestinske områdene, og kanskje ein tur til Jordan. Me gler oss veldig og håper på ein minnerik tur! 

Denne bloggen er oppretta for å oppdatere dykk heime denne månaden. Me vil prøve å oppdatere så mykje som mulig, med bilder og tekst, men me er ikkje heilt sikre på kor stor tilgang til internett me kjem til å ha. 

Reiseruta vår er sålangt veldig fleksibel og uplanlagt. Det me veit sålangt er at Tone reiser med natttog frå Bergen i morgen kveld kl.23.00 og møter Silje på Gardemoen mandags morgen. Der ifrå går flyet kl.10 til København, og så frå København til Tel-Aviv. Me lander kl.18.40 og der skal me tilbringe fyrste natta. Neste dag går turen til Jerusalem, der me har booka oss inn på eit hostel den fyrste veka. Den veka håper me å få reist rundt i dei Palestinske områdene på dagsturer. 

Stay tuned! :)


2 kommentarer:

  1. WOhoo dette høres jo spennende ut... God tur...

    SvarSlett
  2. Tusen takk:) Ja, det blir veldig spennande!

    SvarSlett