lørdag 14. juli 2012

Siste veke av turen

Hei folkens! No sitt me på flyplassen (alt for tidlig, men etter vår erfaring på veg inn i landet er det godt med god tid). Me vil berre skrive litt om den siste veka vår. Me reiste til Nazareth torsdag kveld, 5. Juli. Me sjekka inn på Fauzi Azar Inn, eit flott 200 år gammelt herskapshus i gamlebyen som er gjort om til hostel. Gamlebyen er veldig koselig, med hus tett i tett og smale gater. Nasareth er ein veldig frodig og flott by, som me likte med ein gong. Det einaste negative er den enorme luftfuktigheten. Byen er arabisk, sjølv om den er i Israel. Rundt oss er det arabisk musikk, skilt og mennesker. Dette liker me! Fredag 6. Juli møtte me Rawan tidlig om morgonen. Tone møtte Rawan på Lions camp (4veker i 2008) i Polen. Me tok kontakt med ho då me bestemte oss for å reise til Israel og ho var veldig gira på at me måtte komme til Nazareth. Derfor gjorde me det. Det var veldig kjekt å møte ho igjen og ho viste oss dei hellige stadene i gamle byen, blant anna Mary's well, som er den einaste vannkilden og der jomfru Maria skal ha hentet vatn i sine dager,og "Church of annunciation" der Jomfru Maria skal ha fått vite at ho skulle få Jesus. Fine stader, sjølv om me ikkje fekk ånden over oss ;-) Etterpå gjekk me på shopping i nabobyen (kjøpte oss to billige og søte kjoler kvar) og reiste heim til Rawan for å ete lunsj. Der møtte me mora og faren til Rawan. Me åt ein kjempe god lunsj, eller middag, etterfulgt av arabisk kaffi med diskusjon om deira spesielle situasjon som arabiske israelere. Dei lever eit godt liv i israel, sjølv om det er visse rettigheter dei er fratatt (fordi dei ikkje reiser i militæret). Mora sa at dei har sympati med palestinarane, men dei identifiserer seg ikkje med dei. Me synest det var veldig interessant å høyre om deira liv og synspunkt, sidan arabere er ein minoritet i Israel som me ikkje høyrer eller veit så mykje om. Om kvelden reiste me på kino i Haifa (ca40 min unna) med kjæresten til Rawan, broren og ei venninne. Me såg Istid 4 på engelsk og dødde av latter ;-) Laurdag var me litt ruskne og tilbringte dagen på hostellet. Der me las bok og slappa av. Formen vart betre og me gjekk ut for å ete mat. Rawan hadde bursdag i dag, og me var invitert i familiebesøk på kvelden. Litt usikker på kva dette familiebesøket gjekk ut på, så me fylte opp magen just in case (skulle angre på det seinare). Mens me venta på bussen til Rawan sitt hus, møtte me Adi (også ein Tone møtte i Polen). Han sa at broren hans kunne kjøre oss, og me gjekk til huset hans. Der vart me invitert inn, møtte foreldra og broren Emil og drakk arabisk kaffe. Veldig kjekke folk, med eit utrulig flott hus. Me avtalte at neste gong me kom til Nasareth, skulle me sove der :-) Gjestfriheten er stor og kjem veldig naturlig. Me nordmenn har noko å lære her! :-) Broren og Adi kjørte oss til bursdagsbesøket. Det vart fort tydelig at me ikkje hadde trengt å ete middag. Langbordet var dekka og det kom matretter på rad å rekke. Broren til Rawan fungerte som kelner og gjekk i skytteltrafikk fram og tilbake. Mora til Rawan hadde laga all maten. Imponerende!!! Me møtte ein stor gjeng frå familien til Rawan og svigerfamilien hennar. Me følte oss veldig heldige som fekk lov å sjå innsida av ein arabisk familie på denne måten. Rett og slett eit unikt innblikk. Me vart henta av broren til Adi, Emil, og hang på ein kafè saman med han og ein kompis. Det var veldig kjekt! Søndag 8/7 pakka me saman tinga våre og vart henta av faren til Adi og Adi, som tok vare på tinga våre. Me satt på ein kafè med Adi og fekk høyre om livet til Adi. Adi trivs i Nasareth, med familie og venner rundt seg, men han ser ikkje på seg sjølv som ein israeler, men araber, fordi det er underliggende i uttrykket Israeler at ein er jøde. Dersom hadde han hadde kunnet, hadde han tatt med alle vennene sine og familien sin og flytta til eit anna land. Han fortalde om ulik diskriminering i kvardagen grunna navn og opphav. Ikkje ulikt ting innvandrere i Noreg opplev. Forskjellen er at den arabiske minoriteten er født i landet og har alltid budd der. Emil og Adi arrangerte buss til Tel-Aviv for oss. Fantastisk å ha lokale kontakter som ordner alt! :-D Framme i Tel-Aviv (ca 1.5 times busstur) gjekk me rett på stranda og var klar for 5 dager med strandliv. Dei siste dagene i Tel-Aviv har me vore skikkelige turister. På stranda heile dagen, åte god mat om kvelden og vorte godt solbrent. Tel-Aviv er ein sekulær storby og me kunne egentlig ha vore i kva land som helst. Ein behagelig avslutning på ein tur full av kontraster og inntrykk. Me er overvelda og godt nøgd med turen vår. Det har vore 26 flotte dager på tur. No gleder me oss til norsk sommer, mat, familie og venner :-) og vi kan love at dette helt sikkert ikke blir siste tur vi drar på sammen, eller til midtausten!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar